Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:13-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned.

14. De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.

15. Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset.

16. Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

17. Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.

18. Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.

19. Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket.

20. Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.

21. De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen.

22. Men eg seier dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er skuldig til helvetes eld.

23. Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for,

24. så lat gåva di liggja framfor altaret og gå fyrst og forlik deg med han. Kom så og ber fram offeret ditt!

25. Ver snar til å semjast med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for domaren, og domaren gjev deg over til vaktmannen, og du vert kasta i fengsel.

26. Sanneleg, det seier eg deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.

27. De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet.

Les hele kapitlet Matteus 5