1. Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han.
2. Då tok han til ords og lærte dei:
3. Sæle dei som er fattige ¬i seg sjølve,himmelriket er deira.
4. Sæle dei som syrgjer,dei skal verta trøysta.
5. Sæle dei tolsame,dei skal arva jorda.
6. Sæle dei som hungrar ¬og tyrstar etter rettferda,dei skal verta metta.
7. Sæle dei miskunnsame,dei skal få miskunn.
8. Sæle dei som er reine i hjarta,dei skal sjå Gud.
9. Sæle dei som skaper fred,dei skal kallast Guds born.
10. Sæle dei som vert forfylgde ¬for rettferd,himmelriket er deira.
11. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis.