Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 4:3-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!»

4. Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»

5. Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren

6. og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:Han skal gje englane sine ¬påbod om deg,og dei skal bera deg ¬på hendene,så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.»

7. Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

8. Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom

9. og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.»

10. Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive:Herren din Gud skal du tilbe,han og ingen annan ¬skal du tena.»

11. Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

12. Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han attende til Galilea.

13. Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum ved Galilea-sjøen, i landet til Sebulon- og Naftali-ættene.

14. Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:

15. Du Sebulons og Naftalis land,som ligg langsmed sjøen,og landet austanfor Jordan,du Galilea, ¬som høyrer heidningar til:

16. Det folket som sat i mørker,har sett eit stort ljos.For dei som bur i dødens ¬skuggeland,har ljoset gått opp.

17. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er nær!»

18. Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.

Les hele kapitlet Matteus 4