Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 4:17-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er nær!»

18. Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.

19. Han sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

20. Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han.

21. Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte nøter. Jesus kalla dei,

22. og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og fylgde han.

23. Sidan fór Jesus ikring i heile Galilea; han lærte folket i synagogene deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse hjå dei.

24. Det gjekk gjetord om han over heile Syria; og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ymse sjukdomar og plager, både forgjorde, månesjuke og lame, og han lækte dei.

25. Ei stor folkemengd fylgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene austanfor Jordan.

Les hele kapitlet Matteus 4