Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik øyding tena til?

9. Denne salven kunne vore seld for mange pengar til hjelp for dei fattige.»

10. Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

11. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.

12. Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi.

13. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.»

14. Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane

15. og sa: «Kva vil de gje meg om eg hjelper dykk til å få tak i han?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.

16. Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

17. Fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»

18. Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær; hjå deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.»

19. Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet.

20. Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.

21. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»

Les hele kapitlet Matteus 26