65. Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.
66. Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»
67. Så spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Andre slo han på kinnet
68. og sa: «No kan du vera profet, Messias, og seia kven som slo deg!»
69. Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei av tenestjentene bort til han og sa: «Du òg var saman med Jesus frå Galilea.»
70. Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du talar om.»
71. Så gjekk han ut i portkvelven. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»
72. Peter nekta atter og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen!»
73. Eit lite bel etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Ja menn er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.»
74. Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Med det same gol hanen.
75. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.