Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:50-63 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

50. Men Jesus sa til han: «Gjer det du er komen for, venen min!» No kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

51. Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.

52. Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd.

53. Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?

54. Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?»

55. I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje.

56. Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og rømde.

57. Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.

58. Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda.

59. Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden.

60. Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to

61. som sa: «Denne mannen har sagt: Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.»

62. Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?»

63. Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Ved den levande Gud – sei oss: Er du Messias, Guds Son?»

Les hele kapitlet Matteus 26