Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:42-59 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.»

43. Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn.

44. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen.

45. Så kom han attende til læresveinane og sa: «De søv framleis og kviler, de! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast i syndarhand.

46. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

47. Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane og dei eldste i folket.

48. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta.»

49. Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han.

50. Men Jesus sa til han: «Gjer det du er komen for, venen min!» No kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

51. Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.

52. Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd.

53. Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?

54. Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?»

55. I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje.

56. Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og rømde.

57. Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.

58. Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda.

59. Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden.

Les hele kapitlet Matteus 26