Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:33-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Peter tok til ords og sa: «Om så alle vender seg frå deg, skal eg aldri gjera det.»

34. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»

35. Men Peter sa: «Om eg så lyt døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa dei andre læresveinane.

36. Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går bort der og bed.»

37. Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han tok til å syrgja og kvidast.

38. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»

39. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

40. Då han kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så greidde de ikkje å vaka ein time med meg?

41. Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.»

42. Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.»

43. Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn.

44. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen.

Les hele kapitlet Matteus 26