Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:22-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»

23. Jesus svara: «Ein som har duppa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.

24. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»

25. Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sjølv sagt det,» svara Jesus.

26. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.»

27. Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den!

28. Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.

29. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

30. Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31. Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å venda dykk frå meg. For det står skrive: Hyrdingen slår eg, og saueflokken skal spreiast.

32. Men når eg har stått opp att, skal eg fara føre dykk til Galilea.»

33. Peter tok til ords og sa: «Om så alle vender seg frå deg, skal eg aldri gjera det.»

Les hele kapitlet Matteus 26