Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 26:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Jesus hadde tala alle desse orda, sa han til læresveinane:

2. «De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»

3. Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas,

4. og vart samde om å gripa Jesus med list og drepa han.

5. «Men ikkje i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.»

6. Medan Jesus var i Betania, heime hjå Simon den spedalske,

7. kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke full av dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han sat til bords.

8. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik øyding tena til?

9. Denne salven kunne vore seld for mange pengar til hjelp for dei fattige.»

10. Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

11. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.

12. Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi.

13. Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.»

Les hele kapitlet Matteus 26