Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:42-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset.

44. Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45. Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?

46. Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!

47. Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.

48. Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno.

49. Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar.

50. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av,

51. og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.

Les hele kapitlet Matteus 24