Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:25-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt!

26. Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje.

27. For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

28. Der åtselet er, vil gribbane samlast.

29. Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.

30. Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.

31. Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.

32. Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.

33. Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra.

34. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.

35. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

36. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

37. Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

38. Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,

39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40. Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.

Les hele kapitlet Matteus 24