Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:10-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.

11. Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt.

12. Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.

13. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

14. Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.

15. Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –

16. då må dei som er i Judea, røma til fjells;

17. den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;

18. og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.

19. Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!

20. Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat!

21. For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.

22. Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

23. Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje!

24. For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd.

25. Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt!

26. Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje.

27. For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

Les hele kapitlet Matteus 24