Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 24:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.

2. Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»

3. Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»

4. Jesus tok til ords og sa:Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt!

5. For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor.

6. De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen.

7. Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader.

8. Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.

9. Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.

10. Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.

11. Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt.

12. Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.

13. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

14. Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.

Les hele kapitlet Matteus 24