Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 2:9-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var.

10. Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade.

11. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.

12. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

13. Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»

14. Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt,

15. og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

16. Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida.

Les hele kapitlet Matteus 2