Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 2:19-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt

20. og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.»

21. Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.

22. Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea.

23. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Såleis skulle det oppfyllast, det profetane hadde sagt, at han skulle kallast nasarear.

Les hele kapitlet Matteus 2