Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 2:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.

12. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

13. Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»

14. Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt,

15. og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

16. Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida.

17. Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala:

18. Det høyrdest eit rop ¬i Rama,gråt og høg klage;Rakel gret over borna sineog ansa ikkje trøystarord.For borte er dei.

19. Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt

20. og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.»

21. Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.

22. Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea.

Les hele kapitlet Matteus 2