Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:7-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»

8. Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.

9. Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»

10. Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.»

11. Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve.

12. For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»

13. Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort.

14. Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.»

15. Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.

16. Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

17. Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det som er godt? Det er berre éin som er god. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!»

18. «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt.

19. Du skal æra far din og mor di. Du skal elska nesten din som deg sjølv.»

20. «Alt dette har eg halde,» svara den unge mannen. «Kva står då att?»

21. Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!»

22. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik.

23. Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket.

24. Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

Les hele kapitlet Matteus 19