Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik.

23. Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket.

24. Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

25. Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: «Kven kan då verta frelst?»

26. Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.»

27. Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg? Kva skal vi få?»

28. Jesus sa til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene.

29. Og alle som har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att mange gonger og få evig liv.

Les hele kapitlet Matteus 19