Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 19:14-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.»

15. Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.

16. Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

17. Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det som er godt? Det er berre éin som er god. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!»

18. «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt.

19. Du skal æra far din og mor di. Du skal elska nesten din som deg sjølv.»

20. «Alt dette har eg halde,» svara den unge mannen. «Kva står då att?»

21. Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!»

22. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik.

23. Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket.

24. Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

25. Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: «Kven kan då verta frelst?»

26. Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.»

27. Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg? Kva skal vi få?»

28. Jesus sa til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene.

Les hele kapitlet Matteus 19