Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 18:7-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8. Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.

9. Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.

10. Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.

11. For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

12. Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt?

13. Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort.

14. Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.

15. Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.

16. Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast.

17. Høyrer han ikkje på dei, så sei det til kyrkjelyden. Men vil han ikkje høyra på kyrkjelyden heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.

18. Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.

19. Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen.

20. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.

21. Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?»

22. Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!

23. Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.

24. Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.

Les hele kapitlet Matteus 18