Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 18:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. og sa:Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.

4. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5. Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

6. Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.

7. Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8. Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.

9. Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.

10. Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.

11. For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

12. Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt?

13. Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort.

14. Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.

15. Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.

Les hele kapitlet Matteus 18