Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 18:19-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen.

20. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.

21. Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?»

22. Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!

23. Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.

24. Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.

25. Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast.

26. Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman.

27. Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.

28. Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig!

29. Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det.

30. Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.

31. Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop.

32. Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det.

33. Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg?

34. Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda.

35. Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.»

Les hele kapitlet Matteus 18