Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 17:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

5. Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!»

6. Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle.

7. Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»

8. Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine.

9. På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei at dei ikkje skulle tala til nokon om dette synet før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.

10. Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?»

Les hele kapitlet Matteus 17