Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 17:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»

17. Jesus svara: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med guten!»

18. Og Jesus tala myndig til han, så den vonde ånda fór ut. Og guten vart god att i same stunda.

19. Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

20. «Fordi de har så lite tru,» svara han. «Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.

21. Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»

22. Medan dei endå var samla i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske;

23. dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.

24. Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til templet?»

25. «Jau, det gjer han,» svara Peter. Så gjekk han heim. Men før han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av sine eigne eller av framande?»

26. «Av framande,» svara Peter. «Så er borna frie då,» sa Jesus.

27. «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Grip den fyrste fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein stater. Ta den og gjev dei for meg og deg.»

Les hele kapitlet Matteus 17