Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 17:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei kjendest ikkje ved han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»

13. Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.

14. Då dei var på veg bortover mot folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han

15. og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.

16. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»

17. Jesus svara: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med guten!»

18. Og Jesus tala myndig til han, så den vonde ånda fór ut. Og guten vart god att i same stunda.

19. Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

20. «Fordi de har så lite tru,» svara han. «Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.

21. Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»

22. Medan dei endå var samla i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske;

Les hele kapitlet Matteus 17