Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 17:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?»

11. Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.

12. Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei kjendest ikkje ved han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»

13. Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.

14. Då dei var på veg bortover mot folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han

15. og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.

16. Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»

Les hele kapitlet Matteus 17