Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 17:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.

2. Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset.

3. Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han.

4. Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

5. Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!»

6. Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle.

7. Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»

Les hele kapitlet Matteus 17