Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 15:32-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. La dei fara svoltne heim vil eg ikkje, for då kunne dei verta reint utmødde på vegen.»

33. Læresveinane svara: «Kvar kan vi få brød frå her i øydemarka til å metta så mykje folk?»

34. «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei, «og nokre småfiskar.»

35. Då bad han folket setja seg på marka.

36. Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.

37. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var til overs, og fylte sju korger.

38. Dei som hadde ete, var fire tusen menn, forutan kvinner og born.

39. Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til grendene ved Magadan.

Les hele kapitlet Matteus 15