Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 15:13-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot.

14. Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

15. Då tok Peter til ords og sa: «Forklar denne likninga for oss!»

16. «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.

17. «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og ut att?

18. Men det som går ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint.

19. For frå hjarta kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.

20. Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta med uvaska hender gjer ikkje eit menneske ureint.»

21. Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon.

22. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»

23. Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss.»

24. Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket.»

25. Då kom ho og kasta seg ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»

26. Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»

27. «Det er sant, Herre,» sa kvinna, «men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira.»

28. Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart god att i same stunda.

29. Jesus drog no lenger og kom til Galilea-sjøen; han gjekk opp i fjellet og sette seg der.

30. Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lame, vanføre, blinde og mållause og mange andre, og la dei ned for føtene hans. Jesus lækte dei,

31. og folket undra seg då dei fekk sjå at mållause tala, vanføre vart friske, lame gjekk og blinde fekk synet. Og dei lova Israels Gud.

32. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: «Eg tykkjer hjarteleg synd i folket. No har dei alt vore hjå meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. La dei fara svoltne heim vil eg ikkje, for då kunne dei verta reint utmødde på vegen.»

Les hele kapitlet Matteus 15