Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 15:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det:

11. Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.»

12. Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?»

13. Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot.

14. Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

15. Då tok Peter til ords og sa: «Forklar denne likninga for oss!»

16. «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.

17. «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og ut att?

18. Men det som går ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint.

19. For frå hjarta kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.

20. Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta med uvaska hender gjer ikkje eit menneske ureint.»

21. Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon.

22. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»

23. Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss.»

Les hele kapitlet Matteus 15