Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 15:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:

2. «Kvifor bryt læresveinane dine dei føresegnene vi har overteke frå dei gamle? Dei vaskar ikkje hendene før dei et.»

3. «Og de,» svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dei føresegnene de har overteke?

4. For Gud har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.

5. Men de lærer: Den som seier til far sin eller mor si: Det eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ei gåve til templet –

6. han treng ikkje æra far sin eller mor si. Såleis har de gjort Guds bod om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke.

7. De hyklarar! Jesaja spådde rett om dykk då han sa:

8. Dette folket ærar meg ¬med lippene,men hjarta deira er langt borte ¬frå meg.

9. Dei dyrkar meg fåfengt,for det dei lærer, ¬er menneskebod.»

10. Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det:

11. Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.»

12. Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?»

13. Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot.

14. Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

Les hele kapitlet Matteus 15