Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 14:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; for dei meinte at Johannes var ein profet.

6. Men då Herodes høgtida årmålsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes tykte så vel om dette

7. at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om.

8. Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet åt døyparen Johannes på eit fat.»

9. Kongen vart ille ved; men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, baud han at ho skulle få det,

10. og han sende folk som skulle halshogga Johannes i fengslet.

11. Så kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til jenta, og ho gjekk til mor si med det.

12. Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det; sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.

13. Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein øydestad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk spurt det, og dei kom etter han til fots frå byane.

Les hele kapitlet Matteus 14