Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 14:26-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. «Det er eit skrømt!» sa dei, og var så redde at dei skreik.

27. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

28. Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»

29. «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut or båten og gjekk på vatnet, bort til Jesus.

30. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd og tok til å søkka. «Herre, frels meg!» ropa han.

31. Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Kor lite tru du har! Kvifor tvila du?»

32. Så steig dei opp i båten, og vinden la seg.

33. Men dei som var i båten, fall på kne for han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»

34. Då dei kom over, la dei til lands i Gennesaret.

35. Folket der på staden kjende han att og sende bod kringom i heile grannelaget, og dei kom til han med alle som var sjuke.

36. Dei bad om at dei berre måtte få ta i kanten på kappa hans, og alle som gjorde det, vart friske.

Les hele kapitlet Matteus 14