Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 14:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. «Dei treng ikkje gå herifrå,» sa Jesus, «gjev de dei mat!»

17. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» svara dei.

18. Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!»

19. Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brødet og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.

20. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var att, og det vart tolv fulle korger.

21. Dei som hadde ete, var ikring fem tusen menn forutan kvinner og born.

22. Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, medan han bad farvel med folket.

23. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet så han kunne vera for seg sjølv og be.Då kvelden kom, var han der åleine.

24. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bylgjene, for vinden var imot.

25. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.

26. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. «Det er eit skrømt!» sa dei, og var så redde at dei skreik.

27. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

Les hele kapitlet Matteus 14