Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:44-50 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

44. Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga.

45. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»

46. Medan han heldt på å tala til folket, kom mor hans og brørne hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne tala med han.

47. Då var det ein som sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil tala med deg.»

48. Jesus svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?»

49. Så rette han ut handa mot læresveinane sine og sa: «Der er mor mi og brørne mine.

50. For den som gjer det Far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»

Les hele kapitlet Matteus 12