Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 12:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid hende det at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på ein sabbat. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.

2. Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, no gjer læresveinane dine noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!»

3. Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og dei som var med han, vart svoltne?

4. Han gjekk inn i Guds hus og åt skodebrøda, dei som korkje han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.

5. Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat krenkjer sabbaten i templet, og likevel er utan skuld?

6. Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn templet.

7. Hadde de skjøna kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.

8. For Menneskesonen er herre over sabbaten.»

9. Så gjekk han derifrå og kom inn i synagoga deira.

10. Der var det ein mann som hadde ei lam hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.

11. Han svara: «Om ein av dykk hadde ein sau, og han datt i ei grøft på sabbaten, ville han ikkje då få tak i sauen og dra han opp?

12. Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Så er det då tillate å gjera godt på sabbaten.»

Les hele kapitlet Matteus 12