Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 11:2-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:

3. «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

4. Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:

5. Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige;

6. og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»

7. Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden?

8. Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane.

9. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet!

10. Det er om han dette er skrive:Sjå, eg sender min bodberar ¬føre deg,han skal rydja vegen for deg.

11. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han.

12. Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg.

13. For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom.

14. Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma.

15. Den som har øyro, han høyre!

16. Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:

17. Vi bles på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song syrgjesongar,men de ville ikkje klaga.

18. For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord.

19. Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»

20. Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om:

21. «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.

22. Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.

Les hele kapitlet Matteus 11