Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 11:17-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Vi bles på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song syrgjesongar,men de ville ikkje klaga.

18. For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord.

19. Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»

20. Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om:

21. «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.

22. Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.

23. Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.

24. Men det seier eg dykk: På domedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»

25. På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.

26. Ja, Far, for dette var din gode vilje.

27. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28. Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!

Les hele kapitlet Matteus 11