Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 1:19-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne.

20. Medan han no tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande.

21. Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

22. Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

23. Sjå, møya skal verta med barn ¬og føda ein son,og han skal kallast Immanuel – det tyder: Gud med oss.

24. Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og tok brura si heim til seg.

25. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fått sonen sin; honom kalla han Jesus.

Les hele kapitlet Matteus 1