Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 6:26-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, ville han ikkje seia nei til henne.

27. Han sende straks ein av livvakta i veg og bad han henta hovudet åt Johannes. Mannen gjekk av stad og halshogde Johannes i fengslet;

28. så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.

29. Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.

30. Apostlane samla seg atter hjå Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og alt dei hadde lært folket.

31. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein øydestad, der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk, at dei fekk ikkje eingong matro.

32. Så drog dei ut med båten til ein øydestad, der dei kunne vera for seg sjølve.

33. Men mange såg at dei drog bort og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei.

34. Då Jesus gjekk i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han tykte hjarteleg synd i dei, for dei var som sauer utan hyrding. Og han gav seg til å læra dei lenge og grundig.

35. Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid.

36. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i gardane og landsbyane her ikring og kjøpa seg mat!»

37. «Gjev de dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»

38. «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»

39. Då sa han at dei skulle la alle setja seg ned i flokkar i det grøne graset.

40. Og dei slo seg ned i flokkar, somme på hundre og somme på femti.

41. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane; dei skulle dela det ut til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.

42. Og alle åt og vart mette.

43. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.

44. Det var fem tusen mann som hadde ete.

Les hele kapitlet Markus 6