Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 6:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han.

2. Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga. Alle som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer!

3. Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hjå oss?» Og dei støytte seg på han.

4. Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hjå skyldfolket sitt og i heimen sin.»

5. Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få helselause og lækte dei.

6. Og han undra seg over at dei var så vantruande. Så drog han ikring til landsbyane og lærte folket.

7. Jesus kalla til seg dei tolv og sende dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.

8. Han sa til dei at dei ikkje skulle ta anna med seg på vegen enn stav, ikkje brød, ikkje skreppe, ikkje pengar i beltet.

9. Dei kunne gå i sandalar, men ikkje ha på seg meir enn ein kjortel.

10. «Når de har teke inn i eit hus,» sa han, «så ver der til de fer bort frå den staden.

11. Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de rista støvet av føtene og gå dykkar veg. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»

12. Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.

Les hele kapitlet Markus 6