Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han

7. og ropa høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, Son åt Den Høgste Gud? For Guds skuld, pin meg ikkje!»

8. For Jesus hadde sagt til han: «Far ut or mannen, du ureine ånd!»

9. «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han, «for vi er mange.»

10. Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut or bygda.

11. No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der attmed fjellet,

12. og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til svina, så vi kan fara inn i dei!»

13. Det gav han dei lov til. Då fór dei ureine åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.

14. Dei som gjætte svina, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt.

15. Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå den forgjorde sitja der påkledd og med sitt fulle vit, han som hadde hatt alle åndene i seg. Då vart dei redde.

16. Og då dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med den forgjorde og med svina,

Les hele kapitlet Markus 5