Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:32-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det.

33. Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var.

34. Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.»

35. Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?»

36. Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»

37. Så lét han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob.

38. Då dei kom heim til synagogeforstandaren, og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg,

39. gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Jenta er ikkje slokna; ho søv.»

40. Dei berre lo åt han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der jenta låg.

41. Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!»

42. Og straks stod jenta opp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring.

43. Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne mat.

Les hele kapitlet Markus 5