Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:29-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen.

30. Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som tok i kleda mine?»

31. «Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,» svara læresveinane, «og så spør du kven som tok i deg.»

32. Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det.

33. Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var.

34. Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.»

35. Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?»

36. Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»

37. Så lét han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob.

38. Då dei kom heim til synagogeforstandaren, og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg,

Les hele kapitlet Markus 5