Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:17-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. bad folket Jesus at han måtte dra bort frå bygdene deira.

18. Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde om å få vera med han.

19. Jesus gav han ikkje lov til det, men sa: «Gå heim til folket ditt, og fortel dei kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg!»

20. Men han gjekk av stad og tok til å fortelja rundt ikring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.

21. Jesus fór atter over til hi sida med båten, og mykje folk samla seg om han. Medan han var nede ved sjøen,

22. kom ein synagogeforstandar, som heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans

23. og bad han inderleg: «Veslejenta mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.»

24. Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop fylgde etter og trengde seg innpå han.

25. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år.

26. Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.

27. Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå.

28. For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, vert eg god att.»

29. Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen.

30. Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som tok i kleda mine?»

31. «Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,» svara læresveinane, «og så spør du kven som tok i deg.»

32. Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det.

33. Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var.

34. Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.»

Les hele kapitlet Markus 5