Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 5:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så kom dei over til hi sida av sjøen, til Gerasenar-landet.

2. Med det same Jesus steig ut or båten, kom det ein mann imot han frå gravholene. Han hadde ei urein ånd i seg

3. og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lekkjer.

4. For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lekkjer, men han hadde rive lekkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.

5. Natt og dag var han i gravholene og i fjella og skreik og slo seg sjølv med steinar.

6. Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han

7. og ropa høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, Son åt Den Høgste Gud? For Guds skuld, pin meg ikkje!»

8. For Jesus hadde sagt til han: «Far ut or mannen, du ureine ånd!»

9. «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt,» svara han, «for vi er mange.»

Les hele kapitlet Markus 5