Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:32-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

33. I mange slike likningar tala han ordet til dei, etter som dei var gode til å høyra.

34. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman.

35. Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.»

36. Så skildest dei med folket og tok han med seg i den båten han sat i. Andre båtar fylgde òg med.

37. Då kom det ein hard kastevind, og bylgjene slo inn i båten, så han heldt på å gå full.

38. Men Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, er du likesæl om vi går under?»

39. Så reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikande stilt.

40. Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?»

41. Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Les hele kapitlet Markus 4