Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Markus 4:23-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Den som har øyro å høyra med, han høyre!»

24. Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! Med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk, og endå skal de få noko attpå.

25. For den som har, han skal få; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.»

26. Han sa: «Med Guds rike er det som når ein mann har sått kornet i jorda.

27. Han søv og står opp, det vert natt, og det vert dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til.

28. Av seg sjølv ber jorda grøde: fyrst strå, så aks, så fulle korn i akset.

29. Så snart åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.»

30. Og han sa: «Kva skal vi likna Guds rike med? Kva samanlikning skal vi bruka?

31. Det er som sennepsfrøet. Når det vert lagt i jorda, er det mindre enn noko anna frø i verda.

32. Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

33. I mange slike likningar tala han ordet til dei, etter som dei var gode til å høyra.

34. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman.

Les hele kapitlet Markus 4